
0
Velkomen til ei ny oppleving med AR her i Havlandet og Herøy! AR står for augmented reality, - eller utvida verkelegheit, og i denne opplevinga vil du møte personar i form av AR hologrammer, som fortel ei spennande historie til deg! Nyt turen din rundt om i Havlandet!

Øya Herøy har vore samlingspunkt i Havlandet i over tusen år. På den gamle handelsstaden Herøy Gard står tunet som det var i gamle dagar - med det staselege våningshuset, sjøbuda, naust, stabbur, eldhus og potetkjellar og fortel om livleg handel og stor hushaldning. Her kan du møte ungjenta Georgine som er så glad for å sjå jekta Anna Olava og faren som er på veg heim med godsaker: Sjå! Sjå! No kjeme jekta frå Bergen! No kjem han far og dei endelig heim igjen! Vi he venta soo lenge! Å veit du ka? Dei bruka å reise til Bergen med ne «Anna Olava» for å selje saltesild, å torrfisk, å sånn å så kjøme dei heimatt med maasse forskjellige varer som vi skal selje borti krambua. Å då bruka ej å få kandis-sukker med tråd i. Å det e berre det beeste ej veit! Sol og måne - i det blåne - kika fram - Skynd deg heim, da!

Roturen til kyrkje var lang, men likevel høgdepunktet kvar søndag. Peder gler seg til kyrkjeturen, for då får han sjå HENNE - ho som han er så glad i! I dag har han sett at ho må byte klede attmed naustet.... God dag! Ken du e? Å ja! E du på vitjing med handelsmanna? Ej e he våre til kirke. Ser du ho som står der borte? Ej…broka å vente på ne her på kirkebakken. I dag, då dei skulle bytte til kyrkjeklede i borgstovine, - va det heilt fullt, så «ho» va nødde til å byte nedmed sjøbudine. Eg lika `na så fole godt. Men du? Det va kjekt å møte dej! Men no må ej fare. Vi skal kappro heimat - og ej trur vi blir fyrst i dag også! Hade!

Segna fortel at dei skulle bygge ny kyrkje på Herøy - der Herøyværingane har vore samla til gudsteneste i snart tusen år. Herøy er i dag ein av nøkkelstadene langs kystpilgrimsleia frå Stavanger til Nidaros, og pilegrimar kan få stempla pilegrimspasset sitt i Havlandet. Møt munken på Herøy Gard, og høyr forteljingane hans: Det har kommet bud om at kong Olav Haraldsson skal komme til Herøyar i dag Du skjønner, det er her han skal vente på leidangen på Sunnmøre, - vår egen hær! - Og her i gildestuen, på øyens høyeste punkt - kan hende vi endelig får den lovnaden vi har håpa på; at arbeidet med en kongskirke her på Herøyberget kan starte, Se! Der kommer kong Olav Haraldson og mennene hans. og kanskje vi nå snart kan høre kyrkjeklokkene kime over hele Herøyar!

Krist og kross, Ned og Nord Krist og kross, Djupt i jord. Mann og fe Trolldomsord Du er her, ja? He du sett denne ringen? Det er Kong Olav Haraldson sin ring. Kongens ring! Og ej… Ej skal fange kongen med denne ringen. Aldri meir skal Noregs konge krevje skatt av oss Færøyværingar. Han som denne ringen krev Han må ta det ringen gjev Må nord og ned og døy

Eg brende heimen min. Det var så fullt av hat, av harde tankar. Eg ville hemn. Men no ber eg på deg, Vesle Fylgjar. Vesle Fylgjar – Vesle tone tynn og sped Vesle tryllemakt som dreg Vesle trollmann Vesle Fylgjar vesle barn som veks i meg. Vesle fugl som ikkje flyg - vesle songar. Vesle Fylgjar – du er enno eitt med meg. Kva vil skje når du vert fødd, - vesle fylgjar?

På Slippen i Fosnavåg møter du folk med hjarte for - og kunnskap om båtar og kysthistoria. Her finn du tre etasjer med båtar, motorar, fotografier - og ein kaffitraktar. Er du heldig, så er det boknasild på tørk på loftet. Karane i kystlaget held liv i tradisjonen med salta og tørka sild. Møt Robert - fiskaren frå Ålesund som har fått problemer med motorbåten sin - ein gong på rundt 1970. Han må ha opp fiskebåten sin på Slippen i Fosnavåg, og er glad for hjelpa han kan få her: - det e lyde ta Viking ditta – Ein grom lyd. Dunk dunk dunk - dunk-dunk-dunk ……. Lett å kjenne han igjen på lyde - ensylindra Wichmann Gode maskine -laga på Rubbestadnese Det e tid for overhaling - skal ha nå på land no - Dei har lagt ut vogna og gjort alt klart for å hale nå opp - – elektrisk vinsj å greie - Det gjær det bære lett for oss no - å få na opp på land. Tre menn – det holder Men det blir travelt for oss no fremover Neeeeiiiii ...... fe vel hive sej i arbeid i lag med karane

Som ein hyllest til fiskarkonene som drifta heimane i Herøy og Havlandet medan mennene kjempa mot naturkreftene ute på havet, vart statuen av Fiskarkona på Vågsplassen i Fosnavåg reist. Ho står og ventar og speidar utover havet, og ventar på sine kjære. Ho har eit barn på arma, og eit i skjørtekanten. Også i nyare tid har folket i Herøy opplevd tragediar på havet. Då er det denne plassen dei kjem til for å tenne lys og vere i lag i spora etter dei som har gått føre, og opplevd det same. Guri Aasen i forteljeriet Vestafor Måne har skreve bok om Fiskarkona, og har ei framsyning som ho gjerne viser til grupper på bestilling. Du kan sjå litt frå boka og forestillinga her: https://www.youtube.com/watch?v=Z_QtVEpzeyw Eg veit ikje kor lenge ho mor stått i stoveglaset i dag. Eg må hente ho inn igjen så ho ikkje bli så kald. Det har våre finevær i fjortendagar no, men i dag da va det som vår herre sleppte alt vær ut av sekken. Det gjær mor mi uroleg. Korleis ska det gå med oss om far ikkje kjem heim? Eg seier te ho at segla og åttringen va nye i fjor – og ska tåle både bråttsjø og storbåre. Godt med sjøklede hadde dei og, då dei drog ut.. Mor, Far klarar seg mor Far vår klara seg.

Mulevika er lokalbefolkninga sin hemmelege favoritt. Ei lang vik med ei magisk strand heilt ut mot Atlanterhavet. Her finn du ville og røffe rullesteinstrender. Til venstre ligg Mulevika. Ei magisk badestrand med buldresteinar og naturleg fallsand under. Blir du med på fjøreskattejakt i Mulevika? Hei - kom hit! Hysj - høyr - høyrer du buldringa frå Aatlanterhavet Havet e så rått stort og mystisk.... det e mektig.... - om vinteren herjar stormane så vilt at du ikkje kan stå oppreist... ... og da ligg det berre steinar her.... men no når stormane har rasa frå seg, har storbårå kasta opp den kvitaste sanda .... som dekke over dei store steinane ... slik får vi den finaste stranda i verda her i Mulevika! Men, du, ikkje sei det te nokon! For det e hemmelig! Okey? Kom, så går vi ned på stranda på skattejakt! Kom....!!! Kom, då!

Havet er viktig for folka som bur i Havlandet. Mørefeltet som ligg rett ute i havet, er regnskogen i havet, og ein av dei største biologiske prosessane på jordkloda vår. Her skjer sildegytinga kvart år, og silderogna som ligg utover havbotnen her har ei vekt på to til tre gonger heile Norges befolkning! Ein prosent av all fisk som vert fiska i verda er fødd like utanfor Mulevika og Runde på andre sida. Åh, hei, er det deg igjen? Du, sjå .... Sjå kva eg har funne! Kom nærmere, da .... sjå ...... sjå ka eg fann! Eg har funne eit skjel, eit enda større skjel og .... ein bit av eit rart dyr...?!!! Kva slags dyr kjeme ditta frå? Ka e ditte? Veit du kva ditta e? Kva syns du e en fin skatt? Kom - så går vi på skattejakt. Kom, kom då - kom igjen!

Eg vart fortalt at det rare dyret eg fann ikkje va eit rart dyr. Det var noko som va laga av plast. Det e faktisk sjukt! Kor kjøme liksom ditte fra? Og det ser jo ut som mat - men det e ikkje noko næring i det heeeer!! ... og det hopa seg opp i magen te fuglane og fiskane! Ein million sjøfugl og fleire hundretusen sjøpattedyr døyr av plast kvart år. Det e ikkje bra for naturen – og det e ikkje bra for dyra og fiskane og fuglane.... og det e ikkje bra for oss menneska. Ditte må vi gjære noko med! Vi må dra på ein anna jakt – vi må jakte etter plasten! Bli med å rydde plast, da vel! Kor mykje finn du?